Ny dato: 10. Oktober 2020

Med omsyn til utviklinga i smittespreiinga av koronaviruset, har vi kome fram til å flytte årets arrangement til laurdag 10. oktober 2020.

Alle påmelde blir automatisk flytta over til ny dato.

I den spesielle situasjonen vi alle er i, må vi sjå framover mot betre tider og vi gler oss til folkefesten på Karl Johan den 10.10.20!

Ta vare på kvarandre!

 


 

Bakgrunn for val av ny dato for ASICS Sentrumsløpet 2020

Vi er takksame for mange positive tilbakemeldingar på at vi har valt å utsette i staden for å avlyse årets arrangement. Dei alle fleste har forståing for at det er vanskeleg å unngå kollisjon med andre løp, mens enkelte meiner vi burde ha valt ein annan dato nettopp av denne grunn. Dette forstår vi og vil difor dele med dykk hovudårsakene til at vi valde 10.10.20.

På grunn av utviklinga i smittespreiinga av koronaviruset, har det ei god stund vore usikkert om vi kunne arrangere løpet som planlagt 25. april og vi starta tidleg å sjå etter alternative løysingar. Ei rekkje juridiske utsegn dei siste vekene hevdar at i ein situasjon der offentlege myndigheiter forbyr ein arrangør å arrangere, går dette inn under den norske bakgrunnsrettens bestemmingar om force majeure (dersom ikkje anna er avtalt). Det klare utgangspunktet i norsk rett er at avtalar skal holdast og vi som arrangør skal gjere vårt beste for å halde avtalen med våre deltakarar og levere ‘produktet’ når force-majeure-situasjonen er over. Dersom ein har moglegheit til å utsette sitt arrangement i staden for å avlyse, er ein difor pliktige å gjere det.

Vi såg på alle alternative helger etter sommaren og det blei innleia dialog med Oslo kommune, politiet, Oslo friidrettskrets og andre samarbeidspartnarar. Her er det viktig å understreke at arrangørar av store arrangement i Oslo sentrum, på ingen måte står fritt til å velje dato. Vi ynskja å arrangere så tidleg som mogleg, spesielt med tanke på dagslys, men vi fekk fleire kvalifiserte tilbakemeldingar på at august blei vurdert som for usikker med tanke på utviklinga i smittespreiinga av viruset, sett opp mot størrelsen på Sentrumsløpet som arrangement. Vidare fekk vi klare føringar frå politiet om at dei vanskeleg kunne godkjenne å arrangere løpet ei helg i september, i og med at det allereie er planlagt to store løp (Oslo Maraton og KK-mila). Politiet ynskjer ikkje å sperre av Oslo sentrum fleire helger på rad.

3. oktober blei vurdert, men argumenta mot denne datoen var fleire. Det er haustferie og politiet kunne ikkje garantere bemanning denne dagen. I tillegg blir mellom anna Norgesløpet på Jessheim arrangert. 10. oktober blir terrengløpa Nøklevann Rundt på Bøler i Oslo og Furumomila på Furumo i Modum, Viken (tidlegare Buskerud) arrangert. 11. oktober blir elitearrangementet NM terreng lang løype i Skien, i Telemark og Vestfold arrangert. 17. oktober blir det store gateløpet Hytteplanmila i Ringerike i Viken arrangert. Seinare enn dette er det praktisk vanskeleg å gjennomføre eit så omfattande arrangement som Sentrumsløpet, hovudsakleg med tanke på dagslys, men også aukande fare for dårleg vær.

Hovudsakleg fordi Hytteplanmila blir arrangert 17. oktober – eit gateløp som, saman med oss, er del av Norwegian Majors – søkte vi kommunen om å arrangere 10. oktober. Vi har full forståing for at det blir opplevd som ugreitt for dei som arrangerer løp same dag, men vi ber samtidig om forståing for at det er mange omsyn å ta i ein slik prosess og hensikta vår har ikkje vore å øydelegge for andre arrangørar av løp i Noreg.

Til slutt vil vi understreke at situasjonen vi står i er utfordrande for alle. Ingen veit kor lenge tiltaka som offentlege myndigheiter har sett i verk vil vare. Det viktigaste er sjølvsagt omsynet til liv og helse, og vi håpar inderleg at tiltaka verkar. Når tilstanden har normalisert seg og idrettslag og andre igjen får grønt lys til å arrangere løp, håpar vi at løparar landet over ser sitt snitt til å konkurrere hyppig gjennom haustsesongen.

 

Med ønskje om ein god løpehaust.

Melding om coronaviruset / COVID-19

Vi følgjer nøye med på utviklinga av coronaviruset (COVID-19), noterer oss oppdateringane og råda gitt av norske myndigheiter og Folkehelseinstituttet og har tett dialog med Oslo kommune.

Folkehelseinstituttet har gitt forbod mot arrangement med over 50 deltakarar. Forbodet gjeld ut april, vi rettar oss etter dette. Vi ynskjer å utsette arrangementet og vi er i kontakt med Oslo kommune angåande alternative datoar etter sommarferien.

Oppdateringar vil bli gitt på denne sida og beskjed sendes til alle påmeldte.

Sist oppdatert: 13.03.2020 kl. 12.00.