Løypekart ASICS Sentrumsløpet 2024
ASICS Sentrumsløpet 10 km
ASICS Sentrumsløpet 5 km
Beskriving av løypa 10 km
0–2,5 km: Sentrumsløpet startar i tradisjonen tru i Karl Johans gate. Starten er relativt tøff opp til Slottet. Der er det viktig å ikkje brenne av for mykje krut slik at du ikkje spring deg stiv dei første hundre meterane. Vidare går løypa i lett stigning opp til Frognerparken.
2,5–5 km: Løypa går i ei sløyfe rundt Frognerparken på grus, der det er lett kupert. Deretter held løypa fram nedover mot Bygdøy Allé. Her kan du hente inn litt tid som du kanskje tapte i motbakkane.
5–7,5 km: Frå Bygdøy Allé ventar ein liten kneik opp til Frogner Kirke. Derfrå og ned er det berre å sleppe opp og la beina rulle. Rett over halvvegs i løpet (ved 5,5 km) er det mogleg å nytte høvet til å bruke drikkestasjonen som ligg nedst i Bygdøy Allé. Derfrå følgjer du vegen ned forbi Oslo rådhus. Her er det ofte bra med liv i gatene, som kan gi deg litt ekstra motivasjon mot dei siste kilometerane.
7,5–10 km: No er det ikkje mange kilometer igjen. Du spring Kongens gate gjennom Akershus festning, før du møter ein skarp sving mot venstre inn på Akershusstranda. Førebu deg på nokre krappe svingar og småkneikar inn mot Karl Johans gate. Når du er kome til Egertorget, ser du mål framfor deg, men ikkje la deg lure: Det er om lag 100–150 m nedover før du passerer målstreken.
Saman med Tom-Arild Hansen i Kondis har vi sprunge gjennom løypa til 10-kilometeren til ASICS Sentrumsløpet, og gir her ei detaljert guiding med gode råd undervegs. NB! Denne gjennomløpningen er gjort ifbm 2022. Denne avviker litt fra årets løype.