Right to Play

Det kostar kr. 250 å holde et barn i regelmessig aktivitet i et helt år.

Right To Play er ein internasjonal organisasjon som bruker leik som verktøy for å verna, utdanna og styrka barn i utviklingsland. Lek er livsviktig for trivselen til barn, helse og utvikling. I krise og konflikt gir leiken rom til å omarbeida opplevingar og normalisering av kvardagen. Lek er òg viktig for læring, noko som resulterer i at fleire barn går på skule. Når barn deltar i leik får dei betre sjølvtillit og styrkt evne til å utøva rettane sine.

Right To Play er tilstades i 15 land og kvart år får 2,3 millionar barn leik inkludert i kvardagen sin

Right To Play blei etablert i 2000 i forlenginga av Olympic Aid av tidlegare skøyteløpar Johan Olav Koss. I dag støttar 32 norske toppidrettsutøvarar Right To Play som utøvarambassadører som til dømes Therese Johaug, Mats Zuccarello, Aksel Lund Svindal og Henrik Ingebrigtsen.

Ved påmelding til ASICS Sentrumsløpet kan du kryssa av på å støtta Right to Play eller du kan springa for Team to Play ved å melda deg på her.

Du kan også støtta Right to Play ved å bli fast givar, via Vipps, bankoverføring e.l. Les meir her.

Zuccarellostiftelsen

ZUCCARELLOSTIFTELSEN

Zuccarellostiftelsen spring for at alle barn i Noreg skal kunne få oppleve idrettsglede.

Vi eksisterer med det formål å redusere utanforskap blant barn og unge i Noreg ved å bidra til at fleire får delta i organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.

Dessverre er realiteten i Noreg i dag at mange barn ikkje har dei moglegheitene mange av oss tar for gitt, og derfor blir ståande igjen på sidelinja. Dette kan skyldast alt frå økonomiske barrierar til manglande eller lite variert tilbod i nærmiljøet.

Gjennom arbeidet vårt skal vi skal bidra til å skape sterke og trygge barn, eit meir inkluderande samfunn og betre integrering.

Vipps til 514902

Sidan Mats som femåring tok sine første ustøe skøytetak, har han opphald seg tallause timar på isen og fått vere ein del av eit idrettsfellesskap som har gitt han enormt mykje glede. Gjennom Zuccarellostiftelsen vil han bidra til at fleire barn og unge får oppleve det same.

Når du støttar Zuccarellostiftelsen, bidrar du m.a. til å betale treningskontingentar, utstyr og andre utgifter som hindrar barn i å delta.

Ved påmelding til ASICS Sentrumsløpet kan du krysse av på å støtte Zuccarellostiftelsen.

Du kan også bidra med andre summar via Vipps til 514902 eller lese meir på www.zuccarellostiftelsen.no