Asics Sentrumsløpet blir arrangert av Idrottslaget i BUL

Idrottslaget i BUL har arrangert Asics Sentrumsløpet sidan 1998.

Idrottslaget i BUL blei stifta i 1913, og har lange, gode tradisjonar innafor idrettsgreiner som langrenn, skihopp, orientering og friidrett. Gjennom tida har klubben hatt mange store namn, der vi blant anna kan nemne Ingrid Kristiansen, Odd Martinsen, Johan Grøttumsbråten, Martine Ek Hagen og Ezinne Okparaebo. Heidi Weng og Isabelle Pedersen er blant utøvarane som i dag representerer Idrottslaget i BUL.

IL i BUL ønskjer å ha eit mangfaldig og spanande miljø som inkluderer så mange som mogeleg. Den største gruppa vår no er friidrettsgruppa, med om lag 300 aktive utøvarar. Vi har også trening for psykisk utviklingshemma og mosjonsgrupper for vaksne.

Målet vårt er å leggje til rette for gode treningsmiljø, eit samlande miljø med sosiale tilstellingar og arrangement, gode trenarar og talentutvikling. Klubben ønskjer å gje eit godt treningstilbod i alle øvingar i friidrett. På den måten kan vi ta vare på både det gode breiddetilbodet og topputøvarar i alle aldersklassar. Barnetreningane ønskjer vi å organisere som idrettsskular, slik at alle får moglegheit til å prøve ulike greiner og ein unngår for tidleg spesialisering.

Dei siste 30 åra har BUL kanskje vore den klubben i Noreg som har satsa mest på barn og unge. Unni Helland og den tidlegare langdistansestjerna Thor Helland har gjort ein fantastisk innsats her. Unni held framleis på som trenarar for dei unge lovande talenta våre.

Heile overskotet frå Asics Sentrumsløpet går til Idrottslaget i BUL.

Du kan også støtte BUL som grasrotgivar

For å bli grasrotgiver, kan du sende du sende Grasrotandelen 969990091 til 2020.

Friidrettskule i sommarferien

Idrottslaget i BUL arrangerer friidrettsskule kvar sommar på Bislett Stadion. Tilbodet er for barn 6–12 år, både for dei som allereie trenar friidrett, og for dei som er heilt ferske. Dette er meint som eit spennande og leikbetont møte med friidrett, med gode trenarar, masse leik og moro og flotte deltakargåver.