ℹ️ Deltakarinformasjon

Deltakarinformasjon

Praktisk info på dagen

Tidsskjema

Førebels tidsskjema for laurdag 10. oktober 2020:

13.30: Norlandia Sentrumsløpet For Barn
14.30: ASICS Sentrumssprinten
16.00: ASICS Sentrumsløpet 10 KM
17.30: ASICS Sentrumsløpet 5 KM

Puljetider

Førebels puljetider for ASICS sentrumsløpet 2020

Kva pulje du kjem i, avhenger av kva du registrerer som forventa fullføringstidtid.

Her er puljane:

16:00: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 1
16:00: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 2
16:03: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 3
16:06: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 4
16:10: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 5
16:14: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 6
16:18: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 7
16:22: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 8
16:25: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 9
16:28: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 10
16:31: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 11
16:33: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 12
16:35: ASICS Sentrumsløpet 10 KM – Pulje 13

17.30: Asics Sentrumsløpet 5 KM – Pulje 1
17.32: Asics Sentrumsløpet 5 KM – Pulje 2

NB! Tida di startar i det du passerer startstreken.

Resultat

Sjå live resultat og for tidlegare år her.

Mat

Kiwi serverer bananer og anna snacks etter målgang.

Det vil også vere foodtrucks til stades i Spikersuppa.

Drikkestasjonar

Det er drikkestasjon i Bygdøy Allé (for 10 KM) og på Karl Johan etter mål (10 KM og 5 KM). Her blir det servert både sportsdrikk og vatn.

Toalett

Vi set opp toalett i sidegatene til Karl Johan. Nokre dagar før løpet legg vi inn kart for kvar dei er.

Klede

Tøyoppbevaring

Det blir sett opp telt i Universitetsgata i kvartalet mellom Kristian IV gate og Karl Johans gate.

Oppbevaringa opnar klokka 14.00.

Det ligg ein bagasjelapp i startnummerkonvolutten.

Garderobar

Det er mogleg å dusje på Bislett stadion i tidsrommet 16.30–18.00.

Inngang frå Sofies gate.

Startnummer

Startnummerutdeling

Stad: Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8:

Torsdag 08. oktober: kl 10.00–19.00
Fredag 09. oktober: kl 10.00–19.00
Laurdag 10. oktober: Frå kl 09.00

Namn på startnummer

Startnummera blir trykka om lag fire veker før arrangementet og dersom du ynskjer namnet ditt på startnummeret, må du difor ha registrert namn ved påmelding / legge inn deltakarinformasjon på MI SIDE før om lag fire veker før løpet. Info om frist for å få namn på startnummer vil bli gitt på Facebook og i nyheitsbrev.

T-skjorte

Alle deltakarar får den offisielle T-skjorta for Asics Sentrumsløpet 2020 når dei hentar startnummeret sitt. T-skjorta er gratis for alle som deltek. Vi kan ikkje garantere at alle får den storleiken dei ønskjer, men gjer sjølvsagt vårt beste for at flest mogeleg får den T-skjortestorleiken dei har oppgitt.

Endring av deltakarinfo

Dersom du ønskjer å endre distanse, forventa sluttid, e-post, mobilnummer eller liknande, kan du gjere dette ved å logge inn på MI SIDE.

Gi bort starten

Startavgifta til Asics Sentrumsløpet er ikkje refunderbar, men du kan gi bort eller selje startnummeret til nokon du kjenner (seinast 09. oktober kl. 23:59).

1. Logg den inn på MI SIDE. Brukernamn og passord finn du i stadfestings-e-posten du fekk frå Ultimate ved påmelding.

2. Endre alle felt merka med *
Resten kan fjernast.

3. Send over innloggingsinformasjonen til den du gav starten til.
(Viss du ønskjer at stadfestings-e-posten skal sendast til ny person, tar du kontakt med sentrumslopet@bul.no.)

4. Den nye personen kan no logge inn, fylle ut resten av informasjonen og gjere ev. andre endringar.

Ved forskjell på lisens:
Dersom personen som gir bort starten har heilårslisens, men den nye personen ikkje har det: Oppdater informasjonen til Lisens: Ja, takk. Då blir du vidaresendt til ein betalingsportal for lisens.

Løype og gater

Løypekart

Løypekartet for 2020 blir lagt ut august/september. Det blir ikkje store endringar frå 2019, som du finn her.

Stengte gater

Når løpet nærmar seg og løypekartet er klart, legg vi ut informasjon om kva gater som blir stengt og kva tid. Sjekk også ut ruter.no sin reiseplanleggar for informasjon om korleis du kan reise med offentleg transport . Ruter plar også å leggje ut ei informasjonsside om offentleg transport i samband med Asics Sentrumsløpet, nokre dagar før løpet.

Komme seg til Asics Sentrumsløpet

Vi anbefaler at du bruker kollektiv transport for å kome deg til Asics Sentrumsløpet. Buss og trikk blir påverka av Sentrumsløpet, medan t-banen går som normalt heile dagen. Sjekk ruter.no sin reiseplanleggar for detaljar.

Annan informasjon

Premiering

Dei tre beste totalt på 5 km og 10 km for begge kjønn får 3000, 2000 og 1000 kroner.

Premiar frå Asics til alle klassevinnarar i høve til klasseinndeling.

Seeding 10 kilometer

Om du forventar å springe fortare enn 31 minuttar for menn eller 35 for kvinner kan du bli seeda. Førespurnad om seeding kan sendast til sentrumslopet@bul.no.

Lisens

Alle som fyller 13 år eller eldre som deltek i konkurransar i regi av ein friidrettsklubb i Noreg, må løyse lisens. For meir informasjon om lisens, kan du sjå https://www.friidrett.no/lopinorge/lisens. Spørsmål som gjeld lisensordninga kan rettast til lisens@friidrett.no.

Behov for ledsagar?

Viss du har behov for ledsagar, kan du sende ein e-post til sentrumslopet@bul.no. Vi ønskjer å best mogleg legge til rette for at alle skal kunne delta på Asics Sentrumsløpet og ledsagarar får sjølvsagt gratis start.

Overnatting

Vi vil anbefale Hotell Bondeheimen for overnatting i samband med ASICS Sentrumsløpet.

Fann du ikkje det du lurte på?

Sjekk ut sida for ofte stilte spøsmål / FAQ.