Ofte stilte spørsmål / FAQs

Kvifor står det feil namn på startnummeret mitt?

Dersom du har kjøpt starten av nokon andre og du ikkje har registrert deg med ditt namn på MI SIDE før startnummera blir printa (om lag 4 veker før løpet), står det framleis namnet til den du kjøpte starten av på startnummeret. Resultatlista på nett blir automatisk oppdatert, så den vil ha ditt namn viss du har registrert det på MI SIDE.

Kvifor står det startnummer og ikkje namnet mitt på startnummeret?

Dersom du ikkje har registrert deg med namn på MI SIDE før startnummera blir printa (om lag 4 veker før løpet), står det eit nummer på startnummeret. Resultatlista på nett blir automatisk oppdatert, så den vil ha ditt namn viss du har registrert det på MI SIDE.

Kvifor står det feil distanse på startnummeret mitt?

Dersom du ikkje har bytta distanse på MI SIDE før startnummera blir printa (om lag 4 veker før løpet), står det framleis den distansen du valde først. Så lenge du har bytta distanse på MI SIDE innan løpet startar er chippen inni startnummeret registrert korrekt.

Kvifor står det feil pulje på startnummeret?

Dette kan det vere to grunnar til:

    1. Dersom du har endra forventa sluttid på MI SIDE etter at startnummera blir printa (om lag 4 veker før løpet), står den tida du opprinneleg hadde registrert.
    2. Dersom vi får inn veldig mange påmeldingar kan det hende vi må endre litt på puljestrukturen.

Starttida di er uansett tidspunktet du passerer startstreken. Still deg difor i den pulja som passar best med di forventa sluttid, uansett kva som står på startnummeret.

Finst det toalett langs løypa?

Nei, desverre.

Kvar i løypa er det drikkestasjon?

Det er drikkestasjon i Bygdøy Allé (for 10 KM) og på Karl Johan etter mål (10 KM og 5 KM). Her blir det servert både sportsdrikk og vatn.