Sentrumsløpet gjennom 40 år

På bakgrunn av joggebølgja som skylde over landet, bestemte KFUM-kameratene Oslo seg for å opprette eit mosjonsløp midt i sentrum av Oslo. Utanom fyrste året har Sentrumsløpet alltid vore eit 10 km-løp, men nøyaktige målingar har variert noko.
  • 1980-talet

    1980-TALET

    Fleire av verdas beste løparar blei invitert til Sentrumsløpet på 80-tallet, frå m.a. Portugal, Nederland og England, i tillegg til dei nordiske landa.

    Rekordløpa frå 1987 gjort av Mike McLeod med tida 28.22, og Ingrid Kristiansen frå 1984 med tida 31.25 står framleis den dag i dag.

    Deltakartalet på Sentrumsløpet 10 km vaks kraftig i løpet av 80-talet, frå 1634 i 1981 til 14 900 i 1989.

  • 1981

    Sentrumsløpet blir arrangert for fyrste gong

    Fyrste gong Sentrumsløpet blei arrangert var søndag 26. april i 1981. Løypa var då 8,9 km og vinnaren var Steve Ovett, olympisk meister på 800-meter i 1980.

     

    1981

  • 1984

     

    Norske verdsstjerner

    Ingrid Kristiansen vinn Sentrumsløpet (31.25), medan Grete Waitz kjem på andreplass, tre sekund bak. Dette året deltok også Zola Budd og Rosa Mota som gjorde at det blei stor merksemd i media.

  • 1985

    Gretes parade-marsj

    Dette året var det om lag 12 000 som sprang Sentrumsløpet og Grete Waitz var beste kvinne med tida 32.00. Løpet var målt til 10,1 km.

     

    1985

  • 1987

     
  • 1990-talet

    1990-TALET

    Interessa for mosjonsløp hadde vore høg på slutten av 1980-talet, men utover 1990-talet gjekk interessa sakte, men sikkert ned.

    Løypa blei flytta på midten av 1990-talet slik at start og mål gjekk frå Stortorvet til Karl Johans gate, slik det er i dag.

    1990-talet

  • 1990

     

    Fyrste norske mannlege vinnar

    På 80-talet var det ikkje ein einaste norsk siger i herreklassen, sjølv om det var høgt nivå på norske langdistanseløparar i den perioden. Are Nakkim (Moss) blir den fyrste nordmannen som vinn i herreklassen med tida 28.46.

  • 1994

    Over 2000 barn spring barneløpet

    Ifølge Arbeiderbladet var det over 2000 barn som sprang Sentrumsløpet for barn i 1994. Deira trasé var frå Egertorget til Slottet og tilbake.

     

    1994

  • 1994

     

    KFUM-kameratene Oslo gir seg som arrangør

    Bislett Alliansen tar over som ansvarleg arrangør, medan KFUM-kameratene Oslo framleis stilte med funksjonærar med spesielt ansvar for løypa og løypevaktar.

  • 1995

    Bislett Alliansen tar over som ansvarlig arrangør

    Bislett Alliansen var ansvarleg arrangør for løpa 1995–1999, men ønskja ikkje å arrangere etter dette på grunn av dalande deltakartal.

     

    1995

  • 1999

     

    Sentrumsløpet nær nedlegging

    Hausten 1999 bestemte Bislett Alliansen seg for å ikkje arrangere Sentrumsløpet lenger og leverte arrangementet tilbake den formelle eigaren, KFUM-kameratene, som vedtok i november 1999 at dei la ned arrangementet. Kondisleiar Kjell Vigestad kontakta KFUM-kameratene og foreslo at t.d. IL i BUL, som heldt til midt i Oslo sentrum, kunne overta og styret i KFUM-kameratene godkjente dette.

  • 2000-TALET

    2000-TALET

    IL i BUL tok over som arrangør i år 2000. I løpet av dette tiåret såg ein både at nedgangen i deltakarar frå 1990-talet heldt fram, og at trenden snudde frå 2007 av.

    2000-TALET

  • 2000

     

    BUL tar over som arrangør

    IL i BUL arrangerer Sentrumsløpet for fyrste gong 30. april 2000.

  • 2000

    Kronprisen spring Sentrumsløpet

    Kronprins Haakon har sprunge Sentrumsløpet fleire gonger. Fyrste gong var i 2000 då han takka ja til invitasjon. Sist gong han var med var i 2014.

    Kronprins Haakon frå Sentrumsløpet 2014

    Kronprins Haakon frå Sentrumsløpet 2014

     

    2000

  • 2004

     

    Ny distanse

    Fyrste gong det blei arrangert eit 5 km-løp var i 2004. Dette blei også arrangert i 2005, men hadde så ein lang pause fram til 2015. Sidan då har det vore fast – og populært – fram til i dag.

  • 2006

    Botnåret

    Botnåret for deltakarar var i 2006, då det berre var 1324 som fullførte løpet.

     

    2006

  • 2008

     

    Trenden har snudd

    Medan det i 2007 berre var marginalt høgare deltakartal enn i 2006, ser ein i 2008 at trenden snur. Dette året fullførte 1700, ein auke på 27 % frå året før. Året etter, med snaue 3000 deltakarar, stadfestar at trenden har snudd.

  • 2010-TALET

    2010-TALET

    Dei siste ti åra har påmeldingstalet auka frå 6448 i 2010 til 12 500 i 2019 (deltakartala auka frå om lag 5000 i 2010 om lag 10 500 i 2019).

    Sentrumsløpet byrja å bli arrangert på laurdagar og 5 km-løpet blei gjeninnført.

    2010-TALET

  • 2010

     

    Laurdagsløp

    Fram til 2010 har Sentrumsløpet blitt arrangert på søndagar, men no blir den faste vekedagen laurdag, slik det er i dag.

  • 2013

    IL i BUL 100 år

    Arrangøren IL i BUL fyller 100 år i 2013. Jubilanten var svært nøgd med Sentrumsløpet 2013 – nok eit år med oppgang i deltakartal og perfekt løpsvêr.

    Foto: Per Inge Østmoen

    Foto: Per Inge Østmoen

     

    2013

  • 2018

     

    På tur med Dag Otto deltar på Sentrumsløpet

    Dag Otto Lauritzen og Kristian Ødegård inviterte med seg youtubearane Prebz og Dennis på maraton i Skottland. Dei var med på Sentrumsløpet i 2018 som oppvarming.

    BUL-medlemene Heidi Weng og Martine Ek Hagen intervjuar Kristian Ødegård etter løpet.

  • 2019

    Påmeldingsrekord for BUL

    I 2019 var det 12 500 som melde seg på Asics Sentrumsløpet – dette var rekord sidan BUL overtok som arrangør i 2000.

     

    2019

  • 2020

     

    Sentrumsløpet blir avlyst

    På grunn av Covid-19 blir Sentrumsløpet fyrst utsett til hausten og så blir løpet avlyst.

  • 2021

    Sentrumsløpet blir arrangert for 40. gang

    Også i 2021 må Sentrumsløpet utsettast til hausten på grunn av den globale pandemien. Vi er no klare for å arrangere 28. august 2021.

     

    2021