PERSONVERNERKLÆRING FOR ASICS SENTRUMSLØPET

Denne personvernerklæringa forklarar korleis vi handterer personopplysningar som vi samlar inn i samband med Asics Sentrumsløpet.

Behandlingsansvarleg er Idrottslaget i BUL, org.nr. 969.990.091. Førespurnad som gjeld innsyn, retting eller sletting av personopplysningar kan rettast til sentrumslopet@bul.no.

Påmeldte

Frå påmeldte til Asics Sentrumsløpet hentar vi inn distanse (til resultatliste og deltakarinformasjon), nasjonalitet (til resultatliste og kommunikasjonsspråk), for- og etternamn (til startliste, resultatliste, deltakarinformasjon og levering av startnummer), kjønn (til resultatliste klasseberekning), fødselsdato (til resultatliste aldersklasseberekning), klubb og/eller lag (til resultatliste og deltakarinformasjon), forventa tid (til plassering i korrekt startgruppe), e-postadresse (kommunikasjon), postnummer og stad (til deltakarinformasjon og statistikk), t-skjortestørrelse, donasjon til Right to Play og samtykke for nyheitsbrev. Desse opplysningane blir lagra og behandla av Ulitmate Sport Service og deira avtale med oss er skissert her. Vi bruker ikkje opplysningane på annan måten enn beskrive ovanfor.

Lagskontoret til BUL og styreleiar i Idrottslaget har tilgang til dei fullstendige påmeldingslistene, og følgjande informasjon står på startlista: distanse, nasjonalitet, for- og etternamn, kjønn, klubb og/eller lag postnummer og stad. Alle tillitsvalde som har tilgang til fulle påmeldingslister er informert om viktigheitene av personvern og har samstykka til å etterleve GDPR.

Når ein melder seg på Asics Sentrumsløpet etter 25.05.18 samtykker ein til å ha lest og gjort seg kjend med vilkåra skissert i avtalen mellom Asics Sentrumsløpet og Ultimate Sport Service.

Grunna at Asics Sentrumsløpet vil gjere det mogleg for deltakarar å sjå eigne tider etter arrangementet, blir personopplysningane forklart ovanfor lagra på permanent basis, med mindre vi får beskjed om at du ynskjer å bli sletta. Dersom du har ynskje om å bli sletta, kan du ta kontakt med oss på sentrumslopet@bul.no.

E-post

Du kan sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør derfor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Dersom vi mottar ein slik e-post, behandlar vi e-posten ut frå innhaldet og slettar den.

Nyheitsbrev

Ved påmelding til Asics Sentrumsløpet innhentar vi aktivt samtykke til å ville få nyheitsbrevet vårt. E-postadressene til dei som har takka ja til nyheitsbrevet får vi via Ultimate Sport Service og lastar dei opp i MailChimp, som vi sender nyheitsbrevet ut frå. Det er berre e-postadressa di som blir lasta opp i MailChimp og du kan kva tid som helst melde deg av ved å trykke på lenkja øvst eller nedst i e-posten du får. Nyheitsbrevslista blir ikkje delt med andre instansar.

Nyheitsbrevet sendt ut om lag 10–15 gonger i året, der det er ganske få utsendingar mellom arrangementsdato (april) til desember, og fleire når løpet nærmar seg. Det inneheld informasjon om løpet, relaterte tips/artiklar som handlar om trening og kosthald, saker frå sponsorane våre, informasjon om andre løp og arrangement (t.d. prøveløping av løypa eller føredrag) som skjer i førekant av Asics Sentrumsløpet.

Rett rundt løpet sender vi ut informasjon til alle som er påmeldt. Dette er for å gi viktig informasjon om arrangementet, t.d. henting av startnummer, oppbevaring av klede og puljetidspunkt.

Eit par gonger i året sender vi også ut e-post til dei som var med på løpet førre år og informerer om neste års arrangement og eventuelle fordelar/tilbod for dei som er med fleire år på rad.