Stengte gater 27. april

Laurdag 27. april 2024 arrangerer vi i Idrottslaget i BUL Sentrumsløpet. Mange av dykk er sikkert kjent med arrangementet, som har blitt arrangert i over 40 år, men vi vil likevel gi dykk litt generell informasjon om dagen og korleis det kjem til å påverke gatene rundt bustaden din.

 Gater blir påverka i tidsrommet 13.45–18.30.

Løpet går gjennom følgjande gater: (se løypekart nedst)

Karl Johans Gate –  Slottsparken – Parkveien – Colbjørnsens gate – Gyldenløves gate – Kirkeveien – Middelthuns gate – Frognerparken – Nobels gate – Bygdøy allé – Henrik Ibsens gate – Løkkeveien – Rådhusplassen – Rådhusgata – Kongens gate – Akershusstranda – Grev Wedels plass – Dronningens gate – Prinsens gate – Kongens gate – Karl Johans gate.

Traséen blir stengt av under arrangementet. Det maksimale tidsrommet for avstenging er 13.45–18.30, men mange gater kan bli opna tidlegare. Politiet avgjer nøyaktig tidspunkt. Det er ikkje mogleg å krysse løypa med bil. Alle vegar og parkeringsplassar som munnar ut i løypa blir difor sperra av. Dersom din parkeringsplass blir sperra inne og du har behov for å bruke bil denne dagen, må du parkere utanfor løypa.

Det skal ikkje stå bilar parkert i løypa under løpet. Aktuelle gater blir skilta i god tid i førevegen og bilar som likevel står parkert i traséen, blir taua bort.

Alle fortau er opne for gåande og du kan krysse løypa til fots der det står løypevakter. Desse har på seg gule vestar og kan guide deg til når du kan krysse over.

Kollektivtrafikk

Buss og trikk blir påverka av Sentrumsløpet, medan T-banen går som normalt. Sjå https://ruter.no/avvik.

Meir informasjon

For meir informasjon kan du sjå www.sentrumslopet.no/stengte-gater eller kontakte oss på sentrumslopet@bul.no eller på telefon 905 79 476.

Forventa tal på deltakarar er om lag 12 500. Forventa tal på publikum er om lag 5000 (hovudsakleg i sentrum).

Vi håpar at dei stengte gatene og folkemengda ikkje skapar problem for deg.

Beste helsing oss i Idrottslaget i BUL