Løpeentusiasten Jevi Majid vil få med fleire minoritetskvinner på løp
Jevi Majid er frivillig instruktør for ei løpegruppe med minoritetskvinner. 22.april skal Jevi og fleire frå løpegruppa springa Asics Sentrumsløpet, nokre av dei for første gong. Det gler dei seg veldig til!
Lavterskeltilbod for minoritetskvinner
Kvar søndag finn du Jevi Majid på Lia Trening, kor ho er instruktør for ei løpegruppe med minoritetskvinner. Dette gjer ho på frivillig basis for å ufarleggjera løping og senka terskelen for at minoritetskvinner skal kunna delta i løp. Asics Sentrumsløpet er neste mål for gruppa.
Sjølv fann Jevi løpegleda då ho budde i England for 6 år sidan. Ho merkte seg ganske raskt at det var veldig få minoritetskvinner som sprang ute, og som var med på organiserte løp. Ho starta derfor opp med ei løpegruppe for minoritetskvinner ein gong i veka. Dette var gratis, og Jevi var instruktør. Då ho flytta tilbake til Noreg i 2019, ville ho gjera det same her. Etter nokre år med pandemi, kom ho endeleg i gong med fast løpegruppe kvar søndag kl 11:00 på Lia trening. Studioet låner møllene ut gratis, og kvinnene kan komma på drop-in basis utan å vera medlem. Løpegruppa er i regi av Oslo Maraton.
Løping er helsefremjande!
Målet med denne gruppa er å få fleire kvinner med minoritetsbakgrunn med på løp for å oppleva fellesskap, kjenna på konkurranseinstinktet og for å utfordra seg sjølve. For mange minoritetskvinner er det ei utfordring å delta i organiserte aktivitetar. Manglande nettverk, lite støtte og dårleg økonomi står ofte i vegen for at dei kan delta. Jevi ønsker at fleire kvinner skal finne glede i løping, og få det utbyttet ho sjølv fekk: nemleg betre psykisk og fysisk helse og tid til seg sjølv.
Representasjon er viktig – også i løping
Jevi seier at det er tydeleg at fleire grupper i samfunnet er underrepresenterte i løping generelt, og i organiserte løp spesielt. Alle må gjera ein innsats for å inkludera dei som står utanfor, og løpegruppa for minoritetskvinner er eit tiltak for å auka mangfaldet i løpemiljøa.
Sidan Jevi starta med løping, har ho halde fast i interessen, og ho har deltatt i uttallige halvmaraton, maraton og ultramaraton. Etter kvart blei ho ambassadør for Oslo Maraton, Saucony og Falke Sport og løpeinstruktør hos Lia trening på Holmlia.
Jevi Majid kan du finna på @jevisjourney på instagram og om du ønsker å vera med på løpegruppe så er det berre å senda henne ei melding der.