Løpegruppa ContendHer klare for Sentrumsløpet 2024!
I 2023 stilte 6 kvinner frå gruppa på Sentrumsløpet. Får dei til dobbelt så mange i 2024?
ContendHer er ei løpegruppe for minoritetskvinner, stifta og drifta av løpeentusiasten Jevi Majid i samarbeid med Oslo Maraton. Kvar søndag kl 11:00 står ho klar for å trena med løpegruppa, anten tredemølle og kjernemuskulaturtrening på Lia treningssenter, eller ute i det fri når vêret tillet det. Majid ønsker seg meir mangfald i organiserte løp, og med gruppa ContendHer har ho komme eit skritt på veg. I 2023 deltok nemleg gruppa i fleire lokale løp, og alle dei seks som deltok på Sentrumsløpet sprang også under årets Oslo Maraton.
«Treninga skal vera ein del av kvardagen, ikkje berre ein fase. Løping kan vera vanskeleg å halda ved like åleine, og derfor er det veldig fint å vera med i ei slik gruppe kor deltakarane motiverer kvarandre, uansett vêr og vind.», seier Majid. «Me konkurrerer ikkje med kvarandre, alle må få utvikla seg i eige tempo og ut i frå eigne føresetnadar. Det viktigaste er å finna gleda i å springa og å sjå framgangen hos seg sjølv!» held ho fram.
Majid fortel vidare om eit fantastisk samhald og fellesskap i løpegruppa, der medlemmane kjenner tilhøyrsle og meistring. Gruppa unner seg også eit julebord på tampen av året, etter ein løpetur i snøvêret, så klart.
Er du interessert i å bli med i løpegruppa? Då kan du kontakta Jevi Mahid ved å senda ei melding på instagram til @jevisjourney.