Enkle teknikkjusteringar kan gjere ein stor forskjell 

  • Løping handlar ikkje berre om kondisjon – måten du spring på kan ha mykje å seie for korleis du opplever løpet og kor effektiv du er. 

Her er tre enkle teknikkjusteringar frå Veronica Undseth i Løpekurs.no som kan hjelpe deg til å få betre løpeteknikk til ASICS Sentrumsløpet: 

  1. Blikket framover

Kor du ser, påverkar heile kroppshaldninga di. Hald blikket framover i fartsretninga. Dette gir deg ei meir oppreist og avslappa haldning. 

  1. Alle bevegelsar skal gå i fartsretning

Unngå sidevegs bevegelsar med overkroppen og armane. Tenk at du skal bruke all energi på å bevege deg framover, ikkje til sida. Ein enkel regel er å halde olbogane tett inntil kroppen og føre armane fram og tilbake, ikkje på tvers av brystet. 

  1. Kortare steg – høgare frekvens

Mange løparar tar for lange steg og landar for langt framfor kroppen, noko som bremsar farta og aukar belastninga på beina. Tren på å ta kortare steg og auke stegfrekvensen. Ideelt sett bør du ligge på rundt 170–180 steg per minutt. 

Små endringar i teknikken kan gi deg ein lettare løpetur og meir energi til å halde ut heile løpet. 

Ønsker du personleg oppfølging på teknikk, treningsplanlegging og skadeførebygging? Run2gether og Løpekurs.no hjelper løparar på alle nivå – bli med og ta løpetreninga til eit nytt nivå.

Lykke til på ASICS Sentrumsløpet!