Klede og sko til vinterløping
Vinteren er her og då er det lurt å sjå over løpeutstyret slik at du er klar til å springe i all slags vêr. Men korleis kan ein best vurdere klede og sko som passar til og vinterløping? Camilla Olsson i ASICS kjem her med sine beste tips til springing i kulde og snø.
Korleis skal eg kle meg når eg spring om hausten og vinteren?
– Nøkkelen er å ha fleire forskjellige alternativ. Det nordiske vêret kan vere så forskjellig og består av mange forskjellige element som du må halde seg til, for eksempel vind, regn, snø og kulde, i ulike kombinasjonar. Derfor bør ein løpars vinterutval vere mykje større enn sommarutvalet, med ulike plagg som kan kombinerast på forskjellige måtar.
I løpet av seinhausten bles og regnar det mykje, men det er ikkje så kaldt ennå. Då bør du vanlegvis ikkje har så mykje på deg, men sørg for å ha eit ytre lag som står mot regn og vind. Når det blir kaldare, med mindre regn, må du bygge videre med varmelagring for å beskytte mot kulden.
Kva er den vanlegaste klesfeilen ein gjer når det er kaldt ute?
– Det er lett å ta på feil klede og for mange lag når du skal ut og springe fordi du er redd for å fryse. Kroppen må då jobba unødvendig hardt for å kvitte seg med varmen han generere, og det kostar mykje energi. Ein god tommelfingerregel er derfor å fryse litt akkurat når du kjem ut, så du held du deg akkurat varm nok under resten av økta når du får opp tempoet.
Kva type løpesko bør eg ha om hausten og vinteren?
– Det avhenger av underlaget. Viss bakken er frossen og hard, men ikkje glatt, fungerer det godt med eit par vanlege, godt dempa joggesko som GEL-KAYANO 26 eller GEL-NIMBUS 21, eller kanskje eit par trail-sko med ein litt grovare såle. Viss det er mykje snø og is, kan det vere fint med piggar, enten slike du set på skoa eller sko med piggar som Fuji-Setsu 2. Viss det er veldig vått det kan vere fint med sko med Gore-Tex. I tillegg bør ein tenkje på sikkerheit og sørge for å ha rikeleg med refleksar. Sjå etter ASICS-sko frå lite-show-kolleksjonen som har ekstra bra med refleksar.
Kvifor er det lurt å ha refleks på joggesko?
– Refleks på skoa er ein praktisk måte å auke sikkerheita på, i løpet av den mørke tiden av året. Samen med refleks på kleda eller ein reflekterande vest, blir ein lett sett i trafikken, også når det er mørkt. Alle ASICS-refleksar har såkalla ”Retro Reflectivity” som betyr at lyset blir reflektert tilbake til der det kom frå, og er dermed ekstra effektivt.