Tidspunkt
26. april 2025
13:30
Deltakartal
I 2024 var det omlag 980 barn påmeldt til Norlandia Sentrumsløpet for barn.
Fullføringstid
Det er ikkje tidtaking på dette løpet og veldig variert alder, men løypa tar om lag 3–10 minutt å fullføre.
Løype
Løpet er omlag 550 meter for dei minste og omlag 750 meter for dei eldre. Start er i Karl Johans gate, utanfor Universitetet i Oslo. For dei eldste vil løypa gå oppover mot Egertorget der ho tek ein U-sving like før og vender nedover igjen og rundt Spikersuppa. Målgang er i Roald Amundsen gate mellom Nationaltheateret og Spikersuppa.
Etter målgang er det medaljeutdeling og andre aktivitetar i Spikersuppa.
Norlandia Sentrumsløpet for barn
På Norlandia Sentrumsløpet For Barn blir det aktivitetar i Spikersuppa frå om lag kl. 12.30 og løpet startar kl. 13.30.
Tidsskjema 2024:
3–5 år: kl. 13:30
6–8 år: kl. 13:45
9–11 år: kl. 13:55
Under ASICS Sentrumsløpet 27. april kan heile familien få vere i aktivitet! Dei mellom 3 og 11 år kan delta i Norlandia sentrumsløpet for barn, medan dei vaksne kan velje mellom 5 og 10 km i ASICS Sentrumsløpet.
Dagen startar med aktivitetar for ungar frå kl. 12.30 i Spikersuppa. Der stiller Norlandia, Right to Play, Kiwi og Zuccarellostiftelsen med aktivitetar for barn både før og etter løpet.
Møt på startstreken ved Universitetsplassen litt før start. Den første gruppa startar 13.30 og dei påfølgjande gruppene få minutt etter. Barna stiller i tre aldersklassar: 3–5 år, 6–8 år og 9–11 år og vi startar med dei yngste. Løypa er om lag 550 meter for dei opp til 5 år og omlag 750 meter dei eldre: Dei yngste spring rundt Spikersuppa, medan dei litt eldre får ei ekstra sløyfe opp Karl Johan langs Stortinget. Dei som ynskjer å springe med foreldre, får sjølvsagt lov til det. Alle får medalje når dei kryssar målstreken. Vi tar ikkje tida, her fokuserer vi på aktivitetsglede!
Dersom det også er foreldre som skal delta på 10 km eller 5 km har de tid til å sette dykk på ein kafé eller restaurant i mellomtida. Vi kan t.d. anbefale Kaffistova som er ein barnevenleg plass med god mat og drikke.
T-skjorta i år er grøn med oransje skrift. Barneløpet har ein eigen logo som er på t-skjorta, i tillegg til BUL-logoen. T-skjortene er i storleik 104, 116, 128 og 152. Vi kan ikkje garantere at du får rett storleik, men vi skal sjølvsagt prøve.
Til medaljen plar vi å velje eit bilete frå fjorårets løp. Denne gongen er det frå målstreken til barneløpet og baksida er pryda av logoen til BUL.
Det kostar kr. 250 å delta og då er sjølvsagt t-skjorte og medalje inkludert. Startnummer og t-skjorte til Norlandia sentrumsløpet for barn hentar du på same stad som andre startnummer: I Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8.
Vi anbefaler at de kjem innom onsdag (16.00–20.00), torsdag eller fredag (10.30–20.00) då vi ventar kø på løpsdagen. Men dersom du vil kome innom 27. april opnar vi kl. 10.30.
Generelt om løpet
Norlandia Sentrumsløpet For Barn har pågått sidan 1987. Løpet er for alle barn mellom 3 og 11 år. Barna stiller i tre alderklassar; 3–5 år, 6–8 år og 9–11 år. Dei som ønskjer det kan få følgje med ein vaksen person. Løpet er omlag 550 meter langt for dei minste og omlag 750 for det eldre, og går i ei sløyfe på Karl Johan. Det er ikkje tidtaking på Norlandia Sentrumsløpet For Barn.
Foreldre kan springe saman med barna i den yngste klassen. Alle barna får t-skjorte før start og medalje når dei kjem i mål.
Starten er i Karl Johans gate, utanfor Universitetet i Oslo.
Oppmøte før start er på Universitetsplassen.
Der blir barna fordelt i puljar og dei blir tatt med til start. Ver på Universitetsplassen seinast 10 min før start.
Klasse og pulje ein er plassert i står på startnummeret.
Pris
Å vere med på Norlandia Sentrumsløpet for barn kostar 250 kroner, ink. gebyr.