Deltakarinformasjon
Deltakarinformasjon
Praktisk info på dagen
Tidsskjema
Tidsskjema 2024
13:30: Norlandia Sentrumsløpet for barn
15:30 ASICS Sentrumsløpet 10 kilometer
17:15: ASICS Sentrumsløpet 5 kilometer
Puljetider
Resultat
Sjå live resultat og for tidlegare år her.
Mat
Kiwi serverer bananer & annen snacks etter målgang.
After run i Kaffistova med mat og drikke.
Drikkestasjonar
Det er drikkestasjon på Karl Johan til før start og etter mål (10 KM og 5 KM).
For 10 KM er det drikkestasjon i Bygdøy Allé ved Hydroparken, ca etter 6 km.
I år vil vi også ha drikkestasjon ved Christiania Torv (10 KM og 5 KM).
Her blir det servert både sportsdrikk og vatn.
Toalett
Sjå plassering i vårt interaktive løypekart.
Klesoppbevaring
Klesoppbevaringen finn du i Universitetsgata.
Du blir her møtt med eit stort telt. Inne i teltet er det båsar fordelte på startnummer. Sjølvbetening og oppbevaring på eige ansvar.
Men vi vil ha vaktar til stades.
Bruk startnummeret ditt når du skal levere bagasjen din.
-> Lever bagasjen med bagasjelapp.
—>Bruk startnummeret ditt når du skal hente bagasjen.
* Prøv gjerne å ha så liten sekk/bag som mulig.
Det er til tider kø i klesoppbevaringen. Har du en venn som kan passe på tingene dine mens du løper vil du få den raskare tilbake igjen.
Påmelding
Pris
Refusjon
Startavgifta til Asics Sentrumsløpet er ikkje refunderbar, men du kan gi bort eller selje startnummeret til nokon du kjenner.
GENERELLE VILKÅR FOR ARRANGEMENT AV ASICS SENTRUMSLØPET
Hugs å endre distanse, forventa sluttid, e-post, mobilnummer og liknande. Dette gjer du ved å logge inn på MI SIDE.
Brukarnamn og passord skal du ha fått i bekreftelsesmailen.
Endring av deltakarinfo
Dersom du ønskjer å endre distanse, forventa sluttid, e-post, mobilnummer eller liknande, kan du gjere dette ved å logge inn på MI SIDE.
Gi bort starten
Startavgifta til Asics Sentrumsløpet er ikkje refunderbar, men du kan gi bort eller selje startnummeret til nokon du kjenner (før du henter startnummeret).
1. Logg den inn på MI SIDE. Brukernamn og passord finn du i stadfestings-e-posten du fekk frå Ultimate ved påmelding.
2. Endre alle felt merka med *
Resten kan fjernast.
3. Send over innloggingsinformasjonen til den du gav starten til.
(Viss du ønskjer at stadfestings-e-posten skal sendast til ny person, tar du kontakt med sentrumslopet@bul.no.)
4. Den nye personen kan no logge inn, fylle ut resten av informasjonen og gjere ev. andre endringar.
Ved forskjell på lisens:
Dersom personen som gir bort starten har heilårslisens, men den nye personen ikkje har det: Oppdater informasjonen til Lisens: Ja, takk. Då blir du vidaresendt til ein betalingsportal for lisens.
Startnummer
Startnummerutdeling
Stad: Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8:
Opningstidar
Onsdag 24. april – Kl. 16:00 – 20:00
Torsdag 25. april – Kl. 10:30 – 20:00
Fredag 26. april – Kl. 10:30 – 20:00
Laurdag 27. april – Opent frå kl. 10:30
Du får ein QR-kode på e-post og SMS (registrer tlf.nr. på Mi side) onsdags morgon 24. april. Du viser fram QR-koden for å hente startnummeret.
Andre kan hente startnummeret for deg så lenge dei har med QR-koden. Er du del av eit bedriftslag og vil hente for heile laget, treng du berre din eigen QR-kode. Avtal med lagleiar om de hentar samla eller kvar for dykk.
Namn på startnummer
Startnummera blir trykka når du hentar startnummeret og dersom du ynskjer namnet ditt på startnummeret, må du difor ha registrert namn ved påmelding / legge inn deltakarinformasjon på MI SIDE før du hentar startnummeret ditt.
T-skjorte
Alle deltakarar som ved registrering av deltakardata har valgt å motta t-skjorte, vil få den offisielle t-skjorta til ASICS Sentrumsløpet 2024. Vi kan ikkje garantere at alle får den storleiken dei ønskjer, men gjer sjølvsagt vårt beste for at flest mogeleg får den T-skjortestorleiken dei har oppgitt.
Løype og gater
Løypekart
Sjå årets løype her
Stengte gater
Løypa går gjennom følgjande gater:
Karl Johans Gate à Slottsparken à Parkveien à Colbjørnsens gate à Gyldenløves gate à Kirkeveien à Middelthuns gate à Frognerparken à Nobels gate à Bygdøy allé à Henrik Ibsens gate à Løkkeveien à Rådhusplassen à Rådhusgata à Kongens gate à Akershusstranda à Grev Wedels plass à Dronningens gate à Prinsens gate à Kongens gate à Karl Johans gate.
Sjå løypekart under eller www.sentrumslopet.no/loypekart.
Det blir enkelte avvik i kollektivtransporten og stengte gater den mellom klokken 13:45-18:30.
Sjekk ut Ruter si avviksside og bruk Ruter sin reiseplanleggar. Meir informasjon om stengte gater finn du her.
Komme seg til ASICS Sentrumsløpet
Vi anbefaler at du unngår å bruka kollektiv transport for å kome deg til ASICS Sentrumsløpet, så framt det lèt seg gjera.
Buss og trikk blir påverka av Sentrumsløpet, medan t-banen går som normalt heile dagen. Sjekk ruter.no sin reiseplanleggar for detaljar.
Annan informasjon
Premiering
Dei tre beste totalt på 5 km og 10 km for begge kjønn får 5 000, 3 000 og 2 000 kroner.
Premiar frå ASICS til alle klassevinnarar i høve til klasseinndeling. Premien henter du i Expo/startnummerutdeling, hvor du viser til mottatt sms.
Fartshaldarar
I 2023 var fyrste gong med fartshaldarar/harar på 10 kilometeren. Det blir også fartshaldarar i 2024
Dei har tidene 40, 45, 50, 55 og 60 minutt.
After run
Vi gjentar fjorårets suksess og hos Kaffistova kan du etter målgang kjøpa burgar (kjøtt, kylling, vegetar) eller Cæsarsalat og drikka etter løpet.
For bestilling av bord, ta kontakt med leiarkaffistova@bondeheimen.com.
Seeding 10 kilometer
Om du forventar å springe fortare enn 31 minuttar for menn eller 35 minuttar for kvinner kan du bli seeda. Førespurnad om seeding kan sendast til sentrumslopet@bul.no.
Lisens
Alle som fyller 13 år eller eldre som deltek i konkurransar i regi av ein friidrettsklubb i Noreg, må løyse lisens. For meir informasjon om lisens, kan du sjå hos Friidrettsforbundet. Spørsmål som gjeld lisensordninga kan rettast til lisens@friidrett.no.
Behov for ledsagar?
Viss du har behov for ledsagar, kan du sende ein e-post til sentrumslopet@bul.no. Vi ønskjer å best mogleg legge til rette for at alle skal kunne delta på ASICS Sentrumsløpet og ledsagarar får sjølvsagt gratis start.
Overnatting
Vi vil anbefale Hotell Bondeheimen for overnatting i samband med ASICS Sentrumsløpet.
Publikum
Publikum er hjarteleg velkommen til å sjå på og heia rundt om heile løypa. Viktig at ein ikkje kryssar løypa utan å ha set seg for eller når det kjem løparar. Hugs løparane har stor hastigheit og kan ha vanskar med å sjå deg.
I dagane i forkant er det pop-up store frå XXL og ASICS med gode tilbod i Rosenkrantz gate 8.
På arrangementsdagen vil det i spikersuppa vera samarbeidspartnere med opplegg til store og små. Slå gjerne av ein prat med desse.
Fann du ikkje det du lurte på?
Sjekk ut sida for ofte stilte spøsmål / FAQ.